Far min dreiv med sau
Far min dreiv med sau
Kor mange i talet kan eg ikkje seie
Ein passe stor flokk i alle år
vil eg tru
Far min kjende kvar ein av dei
Dei kjende han óg
Ein sau føre og to lam diltande bak
omkring på alle kantar
Og midt i flokken stod far
Eg undra meg alltid på korleis han kunne skilja dei frå kvarandre
Nå veit eg betre
Kunne ein leve av å drive med sau ?
Rett nok stod det nokre kyr på båsen den gongen
Og nokre høner
Og ein hest…
Men far min, han dreiv med sau
Han klarte seg fint med det
Me hadde mat og klede og elles det me trengde
Kan ein ønska seg noko meir
enn å få leve sitt liv på jorda
Pusta gjennom alt som er
Og sjå nytt liv veksa fram
Far er borte nå
Eg likar å tru at han sit i det grøne graset ein stad og følgjer med oss
Passar på flokken sin
Slik han alltid har gjort
Solbjørg





